Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs
Juni 2019 - Gaming

Vi har testa Farming Simulator 19

Farming simulator 19 kan brukast av både erfarne bønder og av folk som vil lære meir om korleis maten vert til - og ikkje minst som opplæringsverktøy!

Kort om Farming Simulator 19
Farming Simulator 19
Profilbilde: Farming Simulator 19

Farming Simulator 19 er nykomaren i ei ti år gamal spelrekke!

Vi har testa PC-versjonen, og kan bekrefte at den ikkje krev mykje PC-kraft slik som mange andre spel. Fleirspelardelen er ikkje testa.

Kva er Farming Simulator 19?

Farming Simulator 19 er eit simulasjonsspel retta mot bønder og dei med interesse for landbruk. Spelet vart utgjeve 19. november i fjor, og er det nyaste spelet i ei spelrekke som strekkjer seg heilt tilbake til 2008. Sidan den gong har Giants Software jobba hardt for å skape den mest komplette «gards- og landbrukssimulatoren» på marknaden. Dei har altså laga det same spelet gong på gong, men litt betre og med litt meir av det gode kvar gong. Det nye store denne gongen er moglegheita for å drive hesteverksemd.

På eit punkt blei det tatt eit val av Giants Software om å berre fokusere på den målgruppa spelet siktar seg inn på. Dersom ein allereie har kjennskap til gardsdrift, vil ein lett kunne plukke opp spelet utan noko behov for opplæring. Dersom ein ikkje har denne kjennskapen kan det fort bli innfløkt og vanskeleg - og sett vekk frå grunnleggande opplæring held spelet deg sjeldan i handa.

Spelet fokuserer på realisme og vel dette over banebrytande action eller ei djup historie. Det finst faktisk ingen historiedel, men heller ein karrieremodus. Sjølv med fokus på realisme klarer spelet å unngå å bli knotete eller for treigt: Dersom utstyr set seg fast eller veltar, kan det enkelt stillast tilbake og/eller hentast frå butikken. Enkelte variablar, til dømes drivstoffbruk og kor fort plantane veks, kan justerast etter ønske.

Farming Simulator er den nye sandkassa

I Farming Simulator 19 er det spelaren sjølv som bestemmer korleis ein skal spele spelet og kva ein skal bruke tida på. Med så stor friheit er det viktig å sette seg mål - og spelet handlar i stor grad om å utføre nettopp desse måla. Dette er ein stor styrke i spelet, men samstundes også ei stor svakheit. Spelet kan samanliknast med ei sandkasse. Ei svær sandkasse, med alt innan landbruk til dispensasjon. Spelet verkar som ein stad der ein kan gjere det ein vil, men ein må sjølv kome på kva ein skal gjere, ellers vert ein berre sittande der utan å gjere noko i det heile tatt.

Bondeprofil: Farming Simulator 19

Farming Simulator 19 simulerer landbruket i detalj. Her jobbar eg og ein hjelpar saman for å hauste meir effektivt!

Leigearbeid - eller gjere alt sjølv?

I spelet kan ein velje om ein vil gjere alt sjølv, eller om ein skal leige inn hjelparar. Hjelparane er styrde av AI (Artificial Intelligence), men er treige og lite effektive. Ein kan også ta oppdrag frå dei andre datastyrde gardane i området, og her har ein valet om å bruke eige utstyr, eller bruke leigd utstyr for mindre lønning.

Kort video:

Nytt i Farming simulator: Hest

Eit anna val ein har i spelet er å fokusere på fjøsdrift og oppavl. I Farming Simulator 19 er hesteverksemd heilt nytt, og desse kan ridast på. Faktisk, så burde hestane ridast dagleg for å trenast.

Bondeprofil: Farming Simulator 19

Nytt i Farming Simulator 19 er moglegheita for å drive hesteverksemd! Desse må ridast på dagleg for å trenast, som igjen aukar verdien til hesten. Her er eg og Epona på tur med vakker utsikt over landsbyen Felsbrunn

Karrieremodus

Som sagt finst det inga historie. I karrieremodusen kan ein velje mellom tre ulike modus, og desse fungerer mest som tre ulike vanskelegheitsgrader:

Du kan velje mellom ulike kart

I tillegg finst det to ulike standardkart i Farming Simulator 19: Amerikanske Ravenport og Europeiske Felsbrunn. Desse karta er visuelt veldig forskjellige, men innhaldet på karta er stort sett det same. I tillegg til standardkarta, kan ein legge til brukarlaga kart som ein "mod":

Mods er brukarlaga materiale ein kan leggje til spelet. Dette kan vere alt frå nye kart, til nytt maskineri. Eg har ikkje prøvd nokre mods, men fleire spelarar meiner dette er nøkkelen til korleis Farming Simulator spela burde spelast.

Personleg er eg ikkje bonde, og eg kjem såleis litt på sida av spelet si målgruppe. Eg synest det var kjekt å lære nye ting, og gjekk difor frå område til område med tidvis stor begeistring. Av og til verkar spelet repetitivt og eg føler at spelet går mykje i det same - men summa summarum føler eg at eg har lært mange nye ting om landbruk gjennom Farming Simulator 19!

Kan absolutt anbefalast!

Jon Einar @ Agrilogg


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram