Formålet med ein gjødslingsplan er å skape eit godt grunnlag for gode avlingar ved å gjødsle smart og balansert. Alle gardsbruk som har rett til produksjonstilskot skal utarbeide gjødslingsplan.
Du kan lage gjødslingsplan sjølv ved å bruke gjødslingsplanleggaren i Agrilogg. Gjødslingsplanleggaren er først og fremst meint for dei som er kapable til å lage sin eigen gjødslingsplan. Vi har lagt vekt på at den skal vere enkel og intuitiv å bruke, men at den også skal tilby ei dybde som vil tilfredsstille dei aller fleste. Gjødslingsplanen er kobla til resten av Agrilogg-systemet.
Fredag 05.11 lanserte vi ei utviding av gjødslingsplanleggaren for alle typar korn, oljevekstar (raps/rybs) og belgvekstar (erter og åkerbønner), i tillegg til eng og beite.
Systemet er utvikla i tett samarbeid med fagleg ekspertise på området. I tillegg har kundane våre kome med verdifulle tilbakemeldingar og ønske i utviklingsperioden, noko vi har sett stor pris på.
Det stoppar ikkje der! Arbeidet med gjødslingsplanleggaren kjem til å fortsette i tida framover, blant anna vil landbrukskonsulentar/-rådgjevarar få sin eigen versjon.
Vi har laga ein vidosnutt (12 min) som raskt tek deg gjennom alle stega i det å lage ein gjødslingsplan. Denne videoen er det første du ser når du startar gjødslingsplanleggaren.
Gjødslingsplanleggaren er ny i Agrilogg - men Agrilogg er mykje meir enn berre gjødslingsplanlegging! Agrilogg er bonden sitt komplette noteringssystem som har vore i konstant utvikling sidan oppstarten i 2016. Vi har jobba tett med bønder for å skape produktet du vil ha! Her kan du lese meir om funksjonaliteten i Agrilogg.