Lag gjødslingsplan i Agrilogg

Formålet med ein gjødslingsplan er å skape eit godt grunnlag for gode avlingar ved å gjødsle smart og balansert. Alle gardsbruk som har rett til produksjonstilskot skal utarbeide gjødslingsplan.

Gjødslingsplanleggaren i Agrilogg

Gjødsellager

Du kan lage gjødslings­plan sjølv ved å bruke gjødslings­planleggaren i Agrilogg. Gjødslings­planleggaren er gratis å bruke fram til uthenting av ferdig plan. Når du har laga ein ferdig plan, aksepterer du betalinga (i skrivande stund: kr 390,- eks mva pr år du lagar gjødslings­plan) og du kan no hente ut ubegrensa eksemplar for det valde året. Du kan lese meir om dette inne i sjølve gjødslings­planleggaren.



Korleis lagar eg gjødslingsplan?

Heilt øverst i hovudmenyen i Agrilogg finn vi den nye Gjødslingsplan-knappen. Trykker du deg inn på denne går du til gjødslings­planleggaren, det er her det foregår!
Slik virkar det:

  1. Fyll inn innstillingane; veksttype, forgrøde, gjødsellager, hente teigar osv. (eller kopier frå året før)
  2. Lag kartskisse for kvar teig (eller kopier frå året før)
  3. Registrer jordprøver og jordprøveresultat
  4. Fordel husdyrgjødsel
  5. Få forslag over type og mengde kalk og kunstgjødsel per teig
  6. Juster eller overstyr og hent ut gjødslingsplanen

Komplett noteringsverktøy

Gjødslings­planleggaren er ny i Agrilogg - men Agrilogg er mykje meir enn berre gjødslings­planlegging! Agrilogg er bonden sitt komplette noteringssystem som har vore i konstant utvikling sidan oppstarten i 2016. Vi har jobba tett med bønder for å skape produktet du vil ha! Her kan du lese meir om funksjonaliteten i Agrilogg.


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2021 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)


AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram