Formålet med ein gjødslingsplan er å skape eit godt grunnlag for gode avlingar ved å gjødsle smart og balansert. Alle gardsbruk som har rett til produksjonstilskot skal utarbeide gjødslingsplan. I Agrilogg kan du lage dette sjølv – enkelt – eller be rådgjevaren din om å lage gjødslingsplanen i Agrilogg.
Sjølv bestemor kan lage gjødslingsplan i Agrilogg!
Vi har laga ein kort vidosnutt på ca 9 min som raskt tek deg gjennom alle stega i det å lage ein gjødslingsplan. Denne videoen er det første du ser når du startar gjødslingsplanleggaren.
Gjødslingsplanleggaren er ein av mange delar av Agrilogg - men Agrilogg har mykje, mykje meir! Agrilogg er bonden sitt komplette noterings-, planleggings- og HMS-system som har vore i konstant utvikling sidan oppstarten i 2016. Vi har jobba tett med bønder for å skape produktet du vil ha!
Om du ikkje er kunde enda kan du trykke på knappen under og prøve 1 mnd gratis.
Normalt abonnement (etter 1 mnd prøveperiode): Pris pr mnd: kr 149,- (1792,- pr år)