Agrilogg tilbyr ulike nettkurs for landbruket, og tre av desse er gratis for Agrilogg-brukarar - til dømes har vi Førstehjelpskurs som er levert av Agrilogg, Life Care og Simonsen Fogd.
For å gjennomføre eit kurs må du logge inn med Agrilogg brukarkonto eller opprette ein gratis kurskonto. Du kan gjennomføre kurset på PC/Mac, nettbrett, eller mobiltelefonen din. Vi samarbeider med ulike kursleverandørar for å kvalitetssikre og tilby varierte kurs.
Førstehjelpskurs |
Dersom ei ulykke skjer på garden din er det ein fordel å ha repetert gamal lærdom om førstehjelp, eller å tileigne deg ny kunnskap om korleis handtere grunnleggjande førstehjelp i ein krisesituasjon. Du vil mellom anna få kunnskap om hovudelementa i førstehjelp, primærundersøkinga (A-B-C-D-E), hjarte- og lungeredning for vaksne og barn (HLR), forgiftingar og forbrenning. Nyttig for deg og andre.
Innføring i eigenkontroll av EL-anlegg og -utstyr |
I samarbeid med El-sikkerhet Midt-Norge AS har Agrilogg utvikla eit lynkurs i EL-kontroll som er gratis for Agrilogg-brukarar. Du får konkret informasjon om blant anna di plikt som gardbrukar, tre typar kontrollar, korleis du kan utføre eigenkontroll, samt oppdage og finne feil. Lynkurset er estimert til å ta 5 minutt, og det kan vere 5 avgjerande minutt for sikkerheita på garden.
Videobasert teorikurs i gjødslingsplanlegging |
Vi tilbyr eit videobasert teorikurs i gjødslingsplanlegging. Nettkurset er gratis for Agrilogg-brukarar (ordinær pris er kr 950,-). Her kan du blant anna lære om formålet med gjødslingsplanlegging, krav til gjødslingsplanen, viktige næringsstoff og deira funksjon, jordprøver og å planlegge gjødslingsmengda. Teorikurset gjer deg i betre stand til å forstå konseptet rundt gjødslingsplanlegging. Kursleverandør: Agrilogg AS.
Obligatorisk HMS-kurs for arbeidsgjevarar |
Arbeidsmiljølova § 3-5 gir arbeidsgjevar plikt til å gjennomgå opplæring i helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Plikta er personleg og kan ikkje delegerast. HMS-kurset skal gi deg ei grunnleggande innføring i samsvar med norsk lov. Kurset baserer seg på Arbeidstilsynet si veiledning for plikta arbeidsgjevarar har til å gjennomgå opplæring i helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Kursleverandør: Agrilogg AS.
Dokumentert opplæring – Grunnkurs |
Det er krav til dokumentert sikkerheitsopplæring for arbeidstakarar, dersom ein skal nytte arbeidsutstyr som krev «særleg forsiktigheit ved bruk». Dette er grunnkurset i dokumentert opplæring - når du har fullført dette kurset, kan du bygge vidare med spesialiserte delkurs som t.d. dokumentert opplæring for vinkelslipar. Kursleverandør: Gillen Kompetanse AS.
Dokumentert opplæring – Vinkelslipar |
Det er krav til dokumentert sikkerheitsopplæring for arbeidstakarar, dersom ein skal bruke arbeidsutstyr som krev «særleg forsiktigheit ved bruk». Når du har fullført grunnkurset for dokumentert opplæring, kan du bygge vidare med blant anna delkurset Dokumentert opplæring – Vinkelslipar. Kursleverandør: Gillen Kompetanse AS.
Ugras og ugrasbekjemping |
Dette er NLR Vest sitt nettkurs om utvalde ugras og bekjemping av desse. Ugrastypar: Høymole, hundekjeks, lyssiv, krypsoleie, vassarve og linbendel. Kursleverandør: Norsk Landbruksrådgiving Vest.
Vil du bli kursleverandør? Kontakt oss på telefon 40 61 52 37 dersom du vurderer å køyre kursa dine gjennom Agrilogg nettkurs.
Publisert desember 2023