Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

HMS - Med sikkerheita i fokus

I landbruket er det lett å kome bort i ulike situasjonar som kan føre til skader og ulykker. Men kanskje minst av alle har bønder verken råd eller tid å verte råka av slikt. Difor er viktigheita av HMS stor, det kan neppe seiast for ofte at vernerunde, sikker jobbanalyse og rapportering er og bør vere ein stor del av rutinane i landbruket.

Vedakløyving - ein farleg sport
Ein situasjon der ein lett kan kome i klem, er under kløyving av ved

Landbruket er spesielt på den måten, at arbeid, heim og fritid er så vevd inn i kvarandre.

Ein gardbrukars arbeidsplass er også leikeplass til borna hans og bustad for familien. Tragediar som følge av skader og ulykker, kan prege familien i lang tid. Arbeid med å trygge garden er difor svært viktig.

Ansvaret for førebygging av skader ligg på den som eig og/eller driv garden. Ved å ta ansvaret for å drive ein gard tek ein også på seg ansvaret for omgjevnadane, og for dei som er på garden.

Døme på typiske ulykker ein lett kan råke bort i på ein gard, kan vere fallulykke, klem – og skliulykker. Angrep av dyr i ulike situasjonar skjer også frå tid til anna. Det treng ikkje vere mannevonde dyr det er snakk om, men at dyr faktisk vert skremde eller er uheldige sjølve. Ikkje minst ulykker i forbindelse med traktorkøyring/rygging, reiskap og verktøy er utbreidd. Brann, kjemikaliar, etseskadar. Vi vil helst ikkje tenkje på alt som kan skje.

Ei historie frå verkelegheita er om min eigen bestefar. Då eg var lita, visste eg berre om ein bestefar, det var farfaren min som budde på garden der eg vaks opp. Ikkje før eg vart litt eldre, fekk eg vite at eg kunne hatt ein bestefar på morsida også. Morfaren min døde tre år før eg vart fødd, av ei traktorulykke heime på si eiga attlege. Bakkane var bratte der han dreiv småbruket sitt, og traktoren var utan veltebøyel. Han vart berre nokre og femti år. Etter dette fekk mor mi skrekk for traktorkøyring, eg forstod først seinare at alt maset ho hadde føre seg om veltebøylar og traktorar, kom av di ho miste far sin så altfor tidleg….

Slike episodar får oss til å tenkje, men gjer vi noko med det?

HMS - spyd på traktor
Mange ulykker skjer under rygging eller køyring med traktor, eit slik reiskap som dette kan vere skummelt dersom føraren ikkje har god nok kontroll! Godt syn, tilpass farta etter forholda og forsikre deg om at ikkje born eller andre spring i vegen!

Med Agrilogg er det enklare å halde kontrollen på sikkerheita, og vi håpar at verktøyet vårt vil gjere deg meir motivert til å faktisk gå ei vernerunde på garden din. Vernerunda er viktig for å identifisere og fjerne risiko og fare, slik at garden vert ein trygg stad å bu og arbeide på, for deg, familien din og eventuelt arbeidsfolka dine.

I HMS-modulen, finn du både vernerunde, sikker jobbanalyse (SJA), mine produktdatablad og anna dokumentasjon, som du kan laste opp og lagre etter behov. Snart kjem også eigen rubrikk for riktig avfallshandtering og resirkulering, som gjer Agrilogg til eit endå meir miljøbevisst system i tråd med tida, og er med å sikre uheldige episodar med farleg avfall.

Hugsar du å utføre ei sikker jobbanalyse (SJA), før du set i gong med ekstra risikofylt arbeid? Gjer du det, kjem du mykje lettare unna med forklaringa di, dersom uhellet skulle vere ute, og det skjer ei ulykke. Skal du felle eit stort tre eller grave ei djup grøft, så skriv ei analyse! Med litt trening i Agrilogg, går dette raskt unna, du har ditt på det tørre og kan sove godt om natta.

SJA - sikker jobbanalyse - gravemaskin
Skal du til dømes grave ei djup grøft eller felle eit stort tre, vær smart! Utfør sikker jobbanalyse (SJA) i Agrilogg!

I HMS-modulen kan bøndene sjølve enkelt føre vernerunde på detaljert skjema, der namn på deltakar, sjekkpunktliste, dato, ansvarleg utførar og merknad/tiltak vert skrive inn.

Du kan dokumentere vernerunda ved å for eksempel fotografere avvik rett frå smarttelefonen eller nettbrettet. Når eventuelle tiltak er utført nokre dagar eller veker seinare, kan du ta eit nytt bilde som du lastar opp og har liggande.

Mine produktdatablad skal innehalde alle opplysningar om kjemikaliar som vert brukt på garden, sikre feil eller uheldig bruk, redusere brannfaren og skadar som kan oppstå.

Bruk av verneutstyr er viktig! Mange ulykker kan hindrast om du har vernestøvlar, vernebriller og vernehanskar. Agrilogg har ein eigen HMS-modul

Her ser du innhaldet av HMS-modulen i Agrilogg. Vernerunde, Sikker jobbanalyse (SJA) Mine produktdatablad og annan dokumentasjon lagrast trygt, enkelt og tilgjengeleg. Også andre brukarar av garden kan få tilgong. Avfallslevering / resirkulering kjem om litt.

I fila Annen dokumentasjon kan ein lett laste opp bilete og filar frå PC eller mobil, der ein sjølv vel namn på mappene, og sorterer desse etter eige behov og ynskje.

Berre du sjølv veit kva DU syns er relevant å lagre her, skreddarsy opplegget etter di nase, og Agrilogg vert di personlege notatbok - på nett, sjølvsagt. I lomma!

Like eins er det for Sikker jobbanalyse (SJA). Der skal det beskrivast kva arbeidet som er tenkt skal utførast, kven som deltek, mogleg tryggleiksrisiko samt tiltak. Verneutstyr som skal brukast skal også førast på, og ein kan lett ta foto og lagre det saman med SJA.


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram