Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

No kan du få kvittering frå miljøstasjonen via Agrilogg når du leverer avfall

Etter norske lover og reglar skal alle bønder ein gong i året utføre ein eigenrevisjon der dei stadfestar at dei driv i samsvar med KSL‐standarden (kvalitetssystemet i landbruket). Kort sagt skal KSL‐standarden sikre helse, miljø og god kvalitet på norsk mat for både bonden, industri og forbrukar. KSL vert drive av Matmerk.

Avfallshandtering er sjølvsagt ikkje noko unntak. I KSL‐standarden er det fleire sjekkpunkt (krav) som går på handtering og levering av avfall som er vanleg for bedrifter i landbruket. Med Agrilogg si nye løysing vil bonden kunne dokumentere at han/ho faktisk har levert avfallet ved ein godkjend avfallsstasjon. Løysinga krev ingen installasjon av programvare eller brukarnamn og passord for dei tilsette ved miljø‐/ avfallsstasjonane.

Denne løysinga krev ingen installasjon av programvare eller brukarnamn/passord for dei tilsette ved miljø‐/avfallsstasjonane. Bøndene brukar Agrilogg.

Agrilogg brukar Retura sine standard avfallskategoriar og Miljødepartementet si oppdaterte liste over godkjende avfallsstasjonar (bonden får automatisk opp namnet på dei næraste avfallsstasjonane). Bonden får i denne prosessen også informasjon om kravet til deklarasjon ved levering av farleg og radioaktivt avfall.

Slik vil det gå føre seg:

1. Bonden leverer avfallet og tastar inn type avfall og mengde/vekt i samsvar med betjenten sine opplysningar.

Dette vert lagra i Agrilogg sin modul for avfallshandtering.

 

2. Bonden ber om betjenten (eller avfallsstasjonen) sitt mobilnummer og legg det inn som godkjennar.

Agrilogg‐systemet sender ein SMS til dette mobilnummeret for godkjenning (og kvittering) av bonden si avfallslevering.

 

3. Betjenten (eller avfallsstasjonen) mottar ein SMS frå Agrilogg, ser over lista og godkjenner leveringa/innhaldet med eit tastetrykk.

Betjenten kan enkelt endre alle data i lista (f.eks. vekt) før han/ho trykkjer Godkjenn.

 

4. Når betjenten har godkjent førespurnaden vil bonden få ein SMS om dette ‐ og kvitteringa vert lagra i Agrilogg.

For bonden vil den elektroniske kvitteringa vere ein god og gyldig dokumentasjon ved neste KSL-revisjon.

Vi håper at vi med denne løysinga kan slå eit slag for miljøet og at den norske bonden får ein enklare kvardag.

Følgande informasjonsskriv vart sendt pr brevpost til samtlege norske miljø-/avfallsstasjonar 4. februar 2019:

Flygeblad/brev (nynorsk)
Flygeblad/brev (bokmål)

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram