Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs
Desember 2019 - Infoskriv nyttår 2019/2020

Import av dyr frå Storfekjøttkontrollen (Animalia)

Vi jobbar med å få til ei integrering mot Storfekjøttkontrollen frå Animalia. Denne er no snart klar, men må utsetjast til litt ut på nyåret pga endringar i opprinnelsesmerke frå 1. januar 2020. Målet med denne integrasjonen er å enkelt kunne hente alle dyra dine rett inn i Agrilogg med berre eit par klikk.

Spesifikk til/frå-dato i fakturagrunnlaget

No kan du velje heilt spesifikk til/frå-dato i fakturagrunnlaget (tidlegare berre heile månadar). På denne måten kan du bruke det slik det passar best for deg og drifta di.

Ny modul på veg: Statistikk og analyse

Statistikk og analyse kjem som eigen modul og tilleggsteneste i Agrilogg i 2020. Her vil du f.eks kunne samanlikne eigne data i ulike modular med gjennomsnittet på region-/fylkesnivå. Vidare forholdet mellom innhausting (avling) og bruk av gjødsel, sprøytemiddel, osv, år for år.

Oppdatering av fylke

Denne veka vart heimstad-fylket ditt oppdatert. Dette er for å vere budd på dei nye nasjonale fastlandsregionane 1. januar 2020, sjå oversikta under. Det er også viktig at fylket på kvart enkelt firma er korrekt med tanke på modulen statistikk og analyse som kjem.

Prisjustering

Frå nyåret av vil det bli ei lita justering av prisane i Agrilogg, basert på konsumprisindeksen for tenester dei to siste åra:

Litt om brøyting

Vinteren har for lengst banka på døra og mange vil då bruke Agrilogg til å loggføre snøbrøyting. I modulen for brøyting kan du registrere brøytinga på to måtar:

Rodeliste

  1. Vel rode i nedterekkslista
  2. Vel kva type arbeid som skal utførast - brøyting/strøing/salting/skraping
  3. Vel kva arbeid du skal gjere for kunden - om ikkje alle kundane skal ha utført same arbeid
  4. Du kan registrere klokkeslettet du utfører arbeidet for kundane
  5. Til slutt kan du registrere kva vêr som var under brøytinga

Enkeltregistrering

  1. Vel kunde frå kunderegisteret
  2. Vel arbeid som skal gjerast
  3. Du kan registrere klokkeslettet du utfører arbeidet for kundane
  4. Til slutt kan du registrere kva vêr som var under brøytinga
Rodelister

Rodelister

Ved registrering med rodeliste finn du ein knapp som tek deg til Rodelister. Ved å trykke på denne går du til innstillingane for Rodelister, og her vil du sjå ei raud og ei blå fane.

I den raude fana ligg dei rodelistene du har lagt inn. Dette er noko alle brukarkontoane kan sjå (om du har fleirbrukarabonnement).

I rubrikken under rodelista kan administrator velje om dei tilsette skal sjå innlagt pris eller ikkje. Dersom admin skjuler prisinformasjon for ein tilsett, vil han/ho ikkje kunne endre/slette ei rodeliste. Tilsette har då heller ikkje tilgang til fakturagrunnlag eller oppsummering/oversikt.

I den blå fana opprettar du namnet på roda, og legg inn kundane som høyrer til på roda. Du legg også inn prisen kunden skal betale for brøyting/strøing/salting/skraping.

Oppsummering/oversikt

Brøytingoversikt

Her har du oppsummering over utført brøyting, samt link rett til fakturagrunnlag.

Merk! - Det er berre admin som har tilgang til oppsummering, søylediagram og fakturagrunnlag dersom «skjul pris» er valt for medarbeidarar.

Snøbrøyting (årstal)

Her ligg alle brøytingane som er utført, sortert etter dato. Treng du å gjere endringar på ei registrering, er det berre å trykkje på datoen (blå farge). Den gjeldande registreringa kjem då opp, og endringar kan gjerast. Hugse å bruke «oppdater»-knappen for å lagre endringane!

OBS! Dersom admin har valt å skjule prisane for sine tilsette, er det berre admin som kan redigere og sjå pris på eksisterande roder. Alle brukarane kan lage/legge inn nye roder.


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram