Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs
Mars 2021 - Infoskriv

Viktige fristar å merke seg!

15. mars: Søknadsfrist for produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid - del 1

29. mars: Frist for å endre opplysningane i del 1. Produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid - del 1

Gå til Landbruksdirektoratet sine sider

NLR Vest med nytt nettkurs gjennom Agrikurs

Agrikurs er det nyaste produktet til Agrilogg per dags dato, her vil vi etter kvart få inn ulike nettkurs som er aktuelle for bøndene og andre som arbeider med landbruk. Agrikurs er tilgjengeleg for både dei som har, og ikkje har abonnement i Agrilogg.

NLR Vest har lansert eit nytt nettkurs om ugras og ugrasbekjemping i samarbeid med oss i Agrilogg. Du finn det under modulen Agrikurs (for abonnentar) eller på agrilogg.no/kurs for dei som ikkje har Agrilogg-abonnement. Her kan du lære om utvalde ugrastypar og korleis bekjempe dei. Kurset kostar 350 kr inkl. mva.

Snart kan du lage gjødslingsplan i Agrilogg

I løpet av våren kan vi tilby ein ny funksjon i Agrilogg, nemleg gjødslingsplanlegging! Hent inn teigane/områda, jordprøvene og gjødselmengdene dine, så vil systemet kome med forslag til ferdig gjødslingsplan. Du kan tilpasse planen til drifta di ved å endre på innstillingane og standardverdiane, og velge mellom fleire anbefalte kunstgjødsel. Meir informasjon om dette prosjektet vil bli delt på eit seinare tidspunkt.

Beiterapport

Uthenting av beite­tilsynsrapportar

Nytt i Agrilogg er moglegheita til å kunne hente ut kun utførte beitetilsyn i beiterapporten. Huk av for "vis berre beitetilsyn i rapporten" når du skal hente ut ein beiterapport.

Firmanamn og EHF-fakturering

Vi minner om at firmanamnet i Agrilogg kan endrast under profil. Det er dette namnet som kjem på fakturaen, og for at det skal stemme i rekneskapet ditt burde dette stemme overeins med firmanamnet. Vi vil også minne alle våre kundar på at vi kan sende ut faktura i EHF-format om dette er ønskeleg. Send oss ein e-post så ordnar vi dette fortløpande. Send til support-eposten vår, eller bruk kontaktskjemaet. Husk orgnr!

©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram