Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs
Mai 2021 - Infoskriv Gjødslingsplanlegging

Gjødslingsplanleggaren er her!

No er betaversjonen av gjødslingsplanleggaren vår endeleg tilgjengeleg for eng og beite. Vi presiserer at dette er betaversjonen, altså er noko av funksjonaliteten ikkje heilt på plass enda. Systemet er likevel fullt brukandes til å lage ein fullstendig gjødslingsplan. Nedst i artikkelen har vi ein eigen seksjon om begrensingane i denne versjonen.

Det vert minimalt med support mellom Kristi himmelfartsdag, 13. mai t.o.m. 17. mai, men send oss gjerne innspel over e-post eller gjennom kontaktskjemaet vårt. Vi set pris på tilbakemelding om framtidig funksjonalitet til gjødslingsplanleggaren!

Korleis ta i bruk gjødslingsplanleggaren

Du startar med å hente inn teigane dine frå Agrilogg. Teigane deler du opp slik det passar deg - det er lagt opp til at eit område/teig skal høyre til ei jordprøve. Legg inn veksttype for fjoråret (forgrøde) og for gjeldande år, målet for avlinga (høg, medium eller lav) og antal gjødslingar/slåttar på kvart område/teig.

Du legg deretter inn gjødsellageret ditt med all tilgjengeleg gjødsel som skal fordelast utover teigane. Her fører du inn mengde eigenprodusert, kjøpt og selt husdyrgjødsel, og kor mykje vatn som er tilført. Kor mykje vatn du har tilført påverkar verdiane på fosfor, kalium og magnesium i husdyrgjødselet. Nitrogenverdien justerar du med å endre virkningsgrada.

Dei aller fleste forhåndsinnfylte verdiar kan overstyrast dersom du sit på spesifikke data til drifta di.

Beiterapport

Når du har ført inn alle innstillingane, markerer du teigane dine på kartet. Gardskartet frå NIBIO vil vere til stor hjelp. Om du ikkje har lagt inn gardskartet ditt, kan dette leggast inn direkte frå gjødslingsplanleggaren - eller gjennom gardskartmodulen i Agrilogg. Når du har markert opp eit område/teig kjem det ei nøyaktig utrekning av arealet på teigen som du evt kan korrigere.

Jordprøvene registrer du under Jordprøvetaking og Jordprøveresultat. Fordel deretter husdyrgjødselet ditt på alle områda/teigane dine. Systemet vil til ei kvar tid oppdatere seg med kor mykje du har att å fordele.

Systemet kjem så med forslag til kunstgjødsel med ferdig utrekna mengde. Du kan velge eit anbefalt kunstgjødsel frå nedtrekkslista - eller overstyre med eit anna kunstgjødsel.

Til slutt kan du hente ut ferdig plan i pdf-format som du kan skrive ut og lagre på PCen din.

Begrensingar i betaversjonen

Sidan systemet er i beta-stadiet finst det enkelte begrensingar. I første omgang er han kun tilpassa eng og beite, men det kjem sjølvsagt støtte for fleire veksttypar etter kvart.

Under betaperioden kan du kun lage gjødslingsplan for 2021. På sikt vil du kunne hente data frå tidlegare år for å gjere prosessen raskare og enklare.

Til lansering av betaversjonen har vi kun husdyrgjødsel av typen storfe, sau, gris og høns. Her kjem det sjølvsagt fleire fortløpande. Vi kjem også til å gå over lista for kunstgjødsel å fjerne/legge til aktuelle kunstgjødsel.

Vi har planar om å kunne lese inn jordprøver rett frå Eurofins og evt. andre aktørar - men denne funksjonaliteten er ikkje klar i betaversjonen. Difor må ein inntil vidare føre inn verdiane frå jordanalysa for hand.

Ferdig gjødslingsplan kan sjølvsagt skrivast ut, men gjødslingsplanen vil også knytast rett inn i gjødslingsmodulen i Agrilogg. Denne funksjonaliteten er ikkje klar i betaversjonen.

Vi ser for oss fleire versjonar av gjødslingsplanleggaren, f.eks ein versjon meint til rådgjevarar. Dette kjem på sikt.

Anna nytt

I februar/mars flytta vi sesongoversikta frå brøytemodulen ut til ei eiga side. No vil brøytemodulen laste inn mykje raskare for dei med mange registreringar.

©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram