Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs
September 2020 - El-anlegg i landbruksbygg

El-kontrollar fører til færre brannar

Tal frå forsikringsbransjen viser at ca to av tre brannar i landbruksnæringa skuldast feil på elektrisk anlegg eller utstyr. Ser vi nokre år tilbake i tid gjekk utviklinga i feil retning. 2014 var verste året, då var det 3278 branntilfelle i driftsbygningar på norske gardsbruk. Bøndene mista store verdiar (husdyr inkludert).

Dei siste åra har vi derimot sett ein sterk nedgang i talet på brannar i driftsbygningar. Ifølge Norsk Elektro-kontroll og forsikringsselskapet Gjensidige er fleire tusen feil avdekka og utbetra siste åra. Dette har redda enorme verdiar og spart tusenvis av dyreliv. Ikkje minst har mange bønder unngått å få livsverket sitt ruinert.

Feil i elektriske apparat/utstyr

I mange tilfelle vert det funne feil på, eller feil bruk av elektriske apparat. I tillegg er kortslutningar og overbelastning av anlegg ein stor kategori. Mange våningshus og kårboligar får straumen sin frå sikringsskap som er plassert i uthus. Slike stader vil belastninga frå fukt og kulde lett kunne føre til korrosjon på brytarar og koplingar, samt at sikringane «toler meir» før dei koplar ut.

Feil type overspenningsvern og for lav spenning frå netteigar kan også få fatale konsekvensar. Mange installasjonar som ikkje er gjort etter boka vert også avdekka. Det finst nok ein del hobbyelektrikarar der ute, men det er ikkje til å stikke under sin stol at mange av feila også er handverkarfeil. Det at arbeid vert utført av fagfolk er dessverre ikkje nokon garanti for at ting vert gjort skikkeleg. Det er derfor viktig å få vissheit i at elektromontørane sjølv har god nok kompetanse/sertifisering.

Fakta om el-kontroll

Fordelar med el-kontroll

Inn i Agrilogg som ein del av HMS-arbeidet

Eigenkontroll av elektriske anlegg og utstyr i landbruksbygg

Skjemaet "Eigenkontroll av elektriske anlegg og utstyr i landbruksbygg" er no ein del av Agrilogg HMS. Her kan du enkelt legge inn avvik og fristar for når feil må rettast på. Kvar el-kontroll kan sjølvsagt takast ut/sendast i PDF-format om ein ønsker det. Skjemaet er KSL-godkjent.

Eigenkontroll av elektrisk anlegg og utstyr på garden din er ein viktig del av det førebyggande arbeidet - for å sikre folk, dyr, hus, heim og driftsbygningar mot ei potensiell katastrofe

Kjelder: KSL (Matmerk), Gjensidige, Norsk Elektro-kontroll og Landbrukets brannvernkomité
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram