Unngå jordpakking
Grovt sett kan ein seie at jordpakking oppstår når du enten køyrer traktoren om og om igjen i samme spor og/eller når du brukar for tung traktor i forhold til jordsmonnet.
Jorda blir pressa saman og luftromma blir komprimerte.
Jorda blir utsett for ei trykkbelastning (gjerne over tid) og fell saman.
Jordpakking fører blant anna til mindre avlingar og meir ugras.
Kva er konsekvensane av jordpakking?
Det som kan skje når det oppstår jordpakking er at:
- Vatnet sig seinare nedover i jorda som fører til oppsamling på overflata
- Røtene får ikkje sjansen til å spreie seg
- Meitemarken får ikkje nok plass til å bevege seg rundt og grave seg fram
Det vil i neste omgong føre til at:
- Jorda blir mindre fruktbar, med dårlegare jordstruktur og meir ugras
- Næringsopptaket i plantene blir dårlegare, som igjen fører til mindre avling
- Jordpakkinga lett kan lett bli forverra sidan jorda er våtare over lengre tid
OBS! Dersom jorda blir skada av jordpakking, kan det ta veldig lang tid før jorda er heilt reparert igjen.
I verste fall kan det ta fleire tiår å reparere jord som er skada av jordpakking.
Vond sirkel: Jo meir jorda er pakka, dess meir vatn vil ho halde. Men jo våtare jorda er, dess meir pakka blir ho ved køyring!
Kva kan du gjere for å unngå jordpakking?
Det finnast tiltak som du kan gjere for å unngå jordpakking. Her er nokre forslag:
- God drenering
- Unngå å køyre på dagar der jorda er våt, på desse dagane er det større fare for jordpakking
- Avgrense kor mykje du køyrer på marka
- Bruke traktor som har mindre vekt
- Bruke breiare hjul på traktoren med lågare dekktrykk
- Passe på å ikkje gjødsle og sprøyte unødvendig mykje / ofte