Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs
August 2021 - Korn i Norge

Kornproduksjon i Norge

Kornfordeling

Korleis kornavlinga fordelte seg i 2020

I Norge blir det produsert mest bygg, kveite og havre. I 2020 vart det produsert omlag 606 000 tonn bygg, 303 000 tonn kveite, 294 000 tonn havre og 36 000 tonn rug og rugkveite. Då fordeler tala seg som vist på kakediagrammet. Dette er stort sett i tråd med slik det har vore dei siste åra - den største forskjellen mot åra før er at kveiteproduksjonen typisk har vore litt større.

Veret er avgjerande

Som vist på grafen lenger nede, er kornavlinga frå 2018 svært lav og nesten halvert i forhold til åra før og etter. Dette skuldast ein svært tørr sommar som prega kornavlinga betrakteleg. Heldigvis var ikkje dette eit frampeik på framtidige avlingar. Åra sidan har avlingsnivået stort sett vore på høgde med åra før. Sommaren 2018 var ei påminning på kor viktig veret er og kor avhengige bøndene er av riktige verforhold. I Agrilogg er vi importerte over nivået norske bønder klarer å halde til trass for ver som til tider ikkje vil spele på lag.

Kornavling år for år

Under ser vi tal på kornavlinga i Norge år for år, tilbake til 2010. 2020 hadde isolert sett ein nedgang på om lag 4.5% samanlikna med avlinga i 2019, og ein nedgang på 8.8% samanlikna med avlinga i 2015. Men, utanom tørkeåret 2018, ser vi framleis relativt gode tal sidan hoppet i 2014. Likevel kan vi sjå ein sakte nedgang over tid sidan 2015.

Kornavling år for år

Kornavlinga år for år

Foreløpige tal for 2020

Alle tala vi har brukt er henta frå Statistisk sentralbyrå. Tala for 2020 er foreløpige og er utarbeidd ved hjelp av avlingsprognoser stilt saman med arealopplysningar frå søknadar om produksjonstilskot. Sjølv om tala for 2020 er foreløpige, gir dei ein god relativ indikasjon på avlingsnivået og arealomfanget. Dei foreløpige tala for 2021 vil vere klare i januar 2022.


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram