Interessa for lokalprodusert og kortreist mat i Norge har auka, noko som speglar ein global trend mot meir berekraftige og lokale forsyningskjeder. Denne interessa kjem frå fleire hald:
Både blant forbrukarar og offentlege innkjøp aukar interessa for lokalprodusert og kortreist mat
Mange norske forbrukarar viser ei stadig større interesse for å vite kvar maten som dei et kjem frå, korleis den er produsert, og kva påverknad matproduksjonen har på miljøet. Kortreist mat blir ofte oppfatta som ferskare, sunnare - og med mindre miljøavtrykk samanlikna med mat som har reist lange avstandar. Dette fører til ein auka etterspurnad etter lokale produkt i butikkar og på andre marknader.
Det har også vore ein bevegelse i offentleg sektor for å fremje innkjøp av lokalprodusert mat til bruk i offentlege institusjonar som skular, sjukeheimar, kantiner og rådhus. Dette blir støtta politisk gjennom ulike initiativ og retningslinjer som har til hensikt å styrke norsk landbruk og bidra til auka matsikkerheit og berekraft.
Interessa for lokal mat er også knytta til ei veksande bevisstheit rundt norsk matkultur og tradisjonar. Lokal mat bidreg til ei unik matoppleving og er blitt eit viktig element i turistnæringa, der besøkande søker særeigne opplevingar - dette gjeld særleg utanlandske turistar.
Ved å kjøpe lokalprodusert mat, bidreg forbrukarane direkte til nærmiljøet sitt og den lokale økonomien, noko som kan styrke samhald og støtte småskalaprodusentar - som igjen bidreg til lokalsamfunnet. Sirkelen er slutta.
Det er viktig å merke seg at sjølv om interessa er aukande, møter lokalprodusert- og -levert mat diverse utfordringar, som f.eks. distribusjonsnettverk, pris og tilgjengelegheit, samanlikna med matvarer produsert for den globale marknaden.
Norsk kjøt og norskproduserte grønsaker (Østfold fylke)
Uansett, det politiske og forbrukardrivne presset for å auke andelen av lokalprodusert og kortreist mat i den norske marknaden er eit klart teikn på at dette er ein vedvarande trend.
I år (2024) kjem Agrilogg med kvalitetsmerket "God Gardsdrift" (internasjonalt "Good farming"). God agronomisk praksis refererer til ei rekke prinsipp og metodar som bønder brukar for å drive ein gard på ein effektiv, berekraftig og ansvarleg måte. På denne måten, saman med andre kvalitetsstempel, får vi dei beste landbruksprodukta i verda.
Kort sagt er dette ei sertifiseringsordning for bønder som driv god gardsdrift. Kvalitetsmerket vil bli gitt under bestemte forutsetningar og vil i første omgong vere med på å skape ein enda større tillit til bonden og produkta hans/hennar, sett frå forbrukararane si side.
Kvalitetsmerket God Gardsdrift er gratis.
Kjelder: Landbruks- og matdepartementet, Norsk Mat (tidl. Matmerk), Norsk Landbrukssamvirke, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), rapportar frå miljøorganisasjonar, Agrilogg AS og næringslivsanalyser.
Publisert februar 2024