Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Hurra for kvinner i landbruket anno 2019!

Er det slik at kvinner ikkje kan utføre dei same arbeidsoppgåvene som menn? Svaret er nei. Som oftast gjer kvinner jobben minst like godt, men for all del; begge trengst - og utfyllinga av kvarandre, med dei ulike kvalitetane som menneske generelt har er viktig, uavhengig av kjønn!

Måleri av Marie Hauge

Bilete av Ymbjør Hansdatter Sæta og dei fire yngste borna «På sæteren» vert også kalla "Venter på far". Bilete er måla av Marie Hauge i 1898, og viser eit karakteristisk bilete frå eldre dagar

Samspelet mellom mann og kvinne har i alle tider vore naturleg. Med tida har likestillinga kome langt og jamna fint ut mykje av dei tydelege grensene ein tidlegare såg. Men ikkje heilt, vi har enda eit stykke å gå, før alt er likt fordelt. Spørsmålet er om det verkeleg er forventa at kvinner og menn skal kunne gjere akkurat dei same oppgåvene, eller om det er meint at der alltid vil vere ein forskjell? Er det ikkje andre og viktigare ting enn kjønnet som spelar inn her? F.eks. fysikk, interesser, innsikt og kunnskap, som er uavhengig av om ein er kvinne eller mann?

Bondekona før

Du ser ho føre deg, med skaut, oppbretta ermar over raudleitte, grove arbeidshender prega av hardt arbeid. Sid stakk med forkle. I alle tider har bondekona vore svært viktig på garden, ei uerstatteleg klippe. Ho bar nøkleknippet til alt som var låst, rådde over mykje, hadde kunnskap og kløkt. Aldri var ho arbeidslaus, frå tidleg morgon til seine kvelden var ho oppteke med å forvalte ressursane - ho sørgde for mat, klede, reinhald og brensel på garden for både to- og firbeinte gjennom heile året. I tillegg skulle ho gå svanger og føde born år etter år, hjelpe til alle stadar det var behov og vere omsorgsperson for mange. Å klage var liten vits. Det var berre slik det måtte vere...

Var mannen ute på fiske eller andre reiser, greidde ho seg heime åleine, saman med borna, dyra og gjerne kårfolket som var ein ressurs på same tid som endå fleire munnar å mette.

Hendene til bondekona var sjeldan i ro. Alltid var det noko å gjere, sjølv når ho gjekk av garde hadde ho spøtet i forklelomma og gjekk strikkande etter vegen. Men det siste ordet fekk ho sjeldan. Som oftast var mannen sjef.

Moderne tider

Elise Blixgård

"Bondekone" anno 2019, Elise Blixgård. Geitebonde og trebarnsmor frå Nordreisa i Nord-Troms, som du kan lese meir om i Månadens bondeprofil mars 2019

Mykje er endra. Heldigvis kan ein tenkje. Likestillinga har nådd langt, det er ikkje lenger uvanleg å sjå kvinner bak rattet på traktoren, om enn ikkje like ofte som menn. For så visst kan kvinner arbeide, så visst kan ho køyre store traktorar og rygge med hengar, pløge og gjere tungt arbeid!

Frå rokk og separator til blogg og app

Moderne kvinner er tøffe. Så tøffe at dei kan utføre alt av arbeid på garden, få born og ha ein annan jobb ved sida av. Tidene er endra, bruket er ikkje alle stadar til å leve av åleine, dei tenkjer nytt, må vere kreative. Mange bondekvinner i dag skriv eigen blogg om livet på garden og er aktive på sosiale medier. Dei tek i bruk digitale verktøy for å loggføre arbeidet, og får på den måten hjelp med den delen av drifta som har med papirarbeid å gjere.

Stakken og forkledet er bytta ut. Dagens bondekvinne kler seg gjerne i tøffe, moderne arbeidsklede frå Traktorpikene eller Florworks, dei er stolte og dyktige. Strikkar gjer dei endå, men slepp å karre ulla og spinne tråden sjølv.

Agrilogg – eit viktig hjelpemiddel

Sjølv om mange jenter søkjer seg til landbruksskulane i dag, er det få som driv eige bruk, og endå færre som står i produksjonsregisteret. Dei står gjerne litt "bak" sin kjære mann, endå dei deltek like mykje i drifta - og ofte er den som har ansvar for rekneskap og papir. Difor er det mange kvinner som har oppdaga kor mykje verktøyet Agrilogg kan lette arbeidet. Ja, forsiktig kan det hevdast at vårt inntrykk er at innstillinga til kvinnene i landbruket kanskje ligg eit aldri så lite hestehovud framføre menn, når det kjem til bruk av digitale verktøy.

Kvinner er jamt over framtidsretta og målbevisste, dei veit kva som gjeld, og går rett til verks!

Attåtnæring – kvinnene sitt domene

Elise Blixgård

Elise Blixgård saman med nokre av geitene sine

I følgje fagbladet Norsk Landbruk gjekk halvparten av alle investerings- og bedriftsutviklingstilskot i 2017 til kvinner. Sjølv om berre 15 prosent av norske bønder er kvinner, viser statistikken at det langt frå berre er menn som investerer og utviklar garden sin.

Kvinner har også ei eiga evne til å finne på kreative krumspring for å skaffe seg attåtnæringar: Turisme, ølbrygging, ysting, ja det er ikkje grenser for kva ein kan starte med, for å skaffe seg ekstra bein å stå på.

Kvinner ser moglegheita der andre ser grensene. Kvinner kan gjere gull av gråstein! Hurra for norske kvinner i landbruket anno 2019!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram