Utsikt frå Øygardshamna på Giske
Sparebanken Møre, saman med
Momentium og
Norges Bondelag inviterte til konferansen, som kunne by på fleire aktuelle
foredrag, underhaldning, god mat og prat mellom folk i bransjen.
Kan åkrane verte sprøytte av droner? Vil dyra gå på beite utan fysisk inngjerding i framtida, og kva konsekvensar
vil klimaendringane få for landbruket? Dette og mykje meir vart sett lys på, ei mengde informasjon om
moglegheitene som ligg i å hente kunnskap og kompetanse frå andre bransjar og ny teknologi, som igjen kan leie
til auka verdiskaping for bonden vart gitt.
Agrilogg føyer seg galant inn i rekkja av ny teknologi som vil gjere arbeidet for bonden lettare i framtida.
Med eit unikt og brukarvenleg verktøy for loggføring og rapportering i landbruket, kan Agrilogg gjere kvardagen
betre, anten du er mjølkebonde, sauebonde eller til dømes driv med korn. Også modul for brøyting er å finne i
Agrilogg sitt system. Du kan lett lagre rapportar, dokument, servicehefter og viktige opplysningar trygt og enkelt.
Det aller nyaste er sensorikk, verktøyet Agrilogg er under stadig utvikling for å stette behova som melder seg
etter kvart. Også samdrifter har god nytte av Agrilogg, der fleire brukarar knyt seg på og samkøyrer drifta i appen.
Du vel sjølv vekk dei modulane du ikkje har bruk for, og skreddarsyr systemet etter ditt bruk. Såleis er Agrilogg ein
lett likande app, loggføringa går raskt og det er mest som ein draum den dagen du får KSL revisjon på døra!
Agrilogg er utvikla for og med bønder blir brukt av bønder rundt om i heile landet. Vil du også
sleppe den lille notisboka, og ha alt lagra og tilgjengeleg på mobilen, nettbrettet, PC eller Mac til ei kvar tid?
Trykk her og be om prøveabonnement ein månad gratis!