Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Landbrukskonferansen FARM 2018

Langt ut i havgapet i Øygardshamna på Giske, med flott utsikt mot havet og naturen, gjekk den store konferansen av stabelen fredag 2. november. Her var alle delar av bransjen samla for å kaste lys over framtidas landbruk og dei utfordringane og moglegheitene som står føre. Konferansen var ein fin møtestad for å kople saman idear, skape innovasjon og starte prosessar som gir matnyttige resultat.

Landbrukskonferansen på Giske - FARM 2018
Utsikt frå Øygardshamna på Giske
Sparebanken Møre, saman med Momentium og Norges Bondelag inviterte til konferansen, som kunne by på fleire aktuelle foredrag, underhaldning, god mat og prat mellom folk i bransjen.

Kan åkrane verte sprøytte av droner? Vil dyra gå på beite utan fysisk inngjerding i framtida, og kva konsekvensar vil klimaendringane få for landbruket? Dette og mykje meir vart sett lys på, ei mengde informasjon om moglegheitene som ligg i å hente kunnskap og kompetanse frå andre bransjar og ny teknologi, som igjen kan leie til auka verdiskaping for bonden vart gitt.

Agrilogg føyer seg galant inn i rekkja av ny teknologi som vil gjere arbeidet for bonden lettare i framtida. Med eit unikt og brukarvenleg verktøy for loggføring og rapportering i landbruket, kan Agrilogg gjere kvardagen betre, anten du er mjølkebonde, sauebonde eller til dømes driv med korn. Også modul for brøyting er å finne i Agrilogg sitt system. Du kan lett lagre rapportar, dokument, servicehefter og viktige opplysningar trygt og enkelt. Det aller nyaste er sensorikk, verktøyet Agrilogg er under stadig utvikling for å stette behova som melder seg etter kvart. Også samdrifter har god nytte av Agrilogg, der fleire brukarar knyt seg på og samkøyrer drifta i appen.

Du vel sjølv vekk dei modulane du ikkje har bruk for, og skreddarsyr systemet etter ditt bruk. Såleis er Agrilogg ein lett likande app, loggføringa går raskt og det er mest som ein draum den dagen du får KSL revisjon på døra! Agrilogg er utvikla for og med bønder blir brukt av bønder rundt om i heile landet. Vil du også sleppe den lille notisboka, og ha alt lagra og tilgjengeleg på mobilen, nettbrettet, PC eller Mac til ei kvar tid? Trykk her og be om prøveabonnement ein månad gratis!
Agrilogg hadde stand i mingleområdet på Landbrukskonferansen, som var ei fin moglegheit å få vise fram produktet. Her er potensielt nye og eldre brukarar av Agrilogg på besøk på stand, Jan Øystein Aksnes demonstrerer korleis webappen verkar
Landbrukskonferansen på Giske - FARM 2018
Svært mange deltok på den innhaldsrike landbrukskonferansen på Øygardshamna på Giske
Landbrukskonferansen på Giske - FARM 2018
Ragnhild Aspås og Anne Berntsen heldt foredrag om Nofence. Kan dyr gå på beite utan fysiske gjerder i framtida vil det lette bondens arbeid mykje. Teikn opp beiteområdet i ein app, eller leig ut dyra dine og få ei ekstra inntektskjelde!

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram