Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Motivasjonssamling for bonden

Mange bønder har siste tida opplevd store utfordringar med dårleg vêr, som har ført til fleire krevjande problemstillingar når det kjem til slåtten og alt som høyrer denne med. Regnvêret har for mange vore overveldande, og mange har sett mørkt på å få gjennomført både slått, innhausting og spreiing av gjødsel.

I eit slikt vêr må bonden ta for seg fleire dilemma; om ein skal køyre på våt mark – som kan føre til store og langvarige skader, eller om ein skal vente til vêret er betra – risikere å få dårlegare kvalitet og kanskje ikkje rekke over alle markane ein bør slå.

Motivasjonssamling
Både alvor og triveleg prat. Foto: © 2025 Agrilogg

Problema har vore mange, og bekymringane enda fleire. Det er ikkje berre eit par bønder som har stått i dette, men ein har vore samla om situasjonen. Dette førte til at Jan Øystein Aksnes gjekk til handling for å skape noko positivt i den litt vanskelige situasjonen. Fleire aktørar synest dette var eit godt tiltak, så både Agrilogg, Bondelaget, Tine og Nortura ville vere med på laget.

Tysdag 1. juli, då det likevel var meldt regnvêr, vart det invitert til motivasjonssamling for bøndene i regionen på Rovde forsamlingshus, med noko å bite i og god stemning. I byrjinga var det litt info om den nye gjødselforskrifta, det regionale miljøtilskuddet i jordbruket (RMP), og diskusjonar om utfordringar som kjem med desse. Etter dette runda vi av den seriøse stunda, for å snakke om noko vi såg lyst på slik at vi fekk ei positiv og motiverande stund.

Då avslutninga nærma seg var det god stemning i lokalet og ute byrja skyene bokstaveleg talt å lette.
- Tilbakemeldinga på opplegget var berre positiv, fortel Jan Øystein. På det meste var det eit oppmøte på omlag 40 stk med deltakande frå Stadt til Dalsfjorden.

I ettertid fortel han at det er ynskje frå fleire om å få til eit slikt samlingspunkt som fokuserer på det positive i landbruket både for store og små bønder, fleire gongar i året. I eit yrke som for mange kan vere både einsamt, der kan møte mykje problem og stor motgang, er det viktig å også legge merke til det positive. Han trur at ved å samlast og fokusere på alt det positive ein får til, kan ein saman sjå løysningar på problema vi møter og halde oppe motet.


Publisert juli 2025


Logg inn | Prøv Agrilogg | Kontakt oss

Logg inn | Prøv Agrilogg | Kontakt oss
©2016-2025 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram