Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Agrilogg AS er med i Næringsteft

Sparebanken Møre har utvikla eit unikt stipend for nyskaping, som vi i Agrilogg er så heldige å få vere med på!

Næringsteft er ei kompetansereise med fagleg påfyll, nettverksknyting og ikkje minst moglegheit til å vinne flotte premiar. Hovudpremien er på 1 million kroner og skal bidra til at innovative gründerar kan realisere og vidareutvikle forretningsideen sin, med mål om å kome vidare med prosjekta sine og hevde seg i næringslivet.

Sunnmøringen (og andre nordvestlendingar) er kjend for å stå på, ikkje minst når han har ein idé han trur på sjølv. Om ingen andre trur han, ja så banar han seg veg, og gir seg ikkje før slaget er tapt. Sjølv då stirrar han seg vidare, noko ein finn mange eksempel på gjennom tidene. Næringsteft ynsker å hjelpe denne stirrige sunnmøringen fram, og investere i bedrifter og menneske som på sikt kan bidra til å skape arbeidsplassar og fremme utvikling i Møre og Romsdal.

Næringsteft femnar breidt om gründerar og nyskaparar for å gi flest mogleg eit løft vidare. Programmet er lagt opp som ei kompetansereise i tett samarbeid med NTNU i Ålesund og Kunnskapsparken ÅKP, ProtoMore og Vindel. Frå starten, som gjekk med eit smell i Fosnavåg 4. oktober, var alle 110 gründerar med i konkurransen. Basert på ei innsendingsoppgåve har Vindel, ProtoMore, ÅKP, MRB og Sparebanken Møre valt ut 50 som gjekk vidare av desse 110, Agrilogg vart ein av dei. Desse var samla i Molde 8. – 9. november, der det vart jobba med kunde, marknad, økonomi og team. Eit spennande besøk på innovasjonslaben til ProtoMore stod også på programmet! Uheldigvis kunne vi ikkje delta på denne samlinga, då den gjekk av stabelen samtidig som Agroteknikk-messa i Lillestrøm.

6. desember var ein nervepirrande dag. På eit ope seminar i Ålesund, der alle Næringsteft-deltakarane var inviterte saman med næringslivsbransjen, med tema investor, mentor og verkemiddelapparat, vart dei 10 semifinalistane valt ut. Agrilogg hamna altså som ein av desse 10, og går dermed vidare i neste runde i Næringsteft!

Sjølve semifinalen vert 1. februar 2019 i Molde, her vil det bli kåra tre finalistar på direkten. Desse vil få 200 000,- kroner kvar - og vil kjempe om fyrsteplassen. Finalistane skal til slutt levere ein plan for korleis dei vil nytte 1 million kroner dersom dei vinn, og vinnaren av 1 million kroner vil bli kåra under investorseminaret «Børs og Bacalao» 13. mars 2019.

Stay tuned - vi ventar i stor spenning på fortsettelsen!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram