Kort om Kjeåsen

Kjeåsen - Norsk fjellstøyl frå 1650

Kjeåsen er ein fjellgard i Eidfjord kommune i Hordaland. Garden ligg på ein avsats i fjellet ca. 530 moh inst i Simadalsfjorden. Garden er ikkje lenger i drift, men er busett av ein person i sommarhalvåret. Kjeåsen er mykje besøkt av turistar og har vorte kalla "Verdas mest utilgjengelege gard".

Namnet "Kjeåsen" er samansett av orda «kje» (geitekilling) og «ås». Det har budd folk på garden sidan 1650-talet. På 1930-talet vart det bygd ei taubane som kunne frakte mat og andre varer opp til garden.

Den svenske forfattaren Bror Ekström har skrive bok om folket på Kjeåsen. Boka "Folket på Kjeåsen" kom ut i 1958, og vart svært populær. I Norge gav Halldor Opedal ut boka "Kjeåsfolket i Hardanger - soga om eit utkantfolk" i 1980.

NRK laga også eit TV-program om Kjeåsen i serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" i 2002.

Kjelde: Wikipedia / Agrilogg AS


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2021 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)


AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram