Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Plastproblematikk i landbruket

Plast i landbruket
Plastrestar i naturen
Plast i naturen

Eit døme på plastrestar i naturen, ikkje særleg vakkert. Korleis hjelpe bonden å handtere plast på best mogleg måte?

Den «fantastiske» plasten

Ut over 2010-talet og særleg frå 2017 har plastbruken fått auka fokus, heldigvis. Det er ikkje til å stikke under ein traktor at landbruksplasten er noko av utfordringa. Kvart år brukar det norske landbruket om lag 14 tusen tonn plast til saman! Dette er hovudsakleg plast frå sekkar, solfangarar og ikkje minst rundballar, i tillegg til andre små og store plastemballasjar til bruk i gardsdrifta. Til saman utgjer dette ei alvorleg miljøforureining dersom det ikkje vert handtert på rette måten.

Ikkje berre for dyra til havs, men også til lands er plastrestar ein trussel. Som mange andre kjendisar gjennom tidene, vart kvalen på Sotra vide kjend etter sin død. Dessverre delar kvalen denne dystre skjebnen med altfor mange andre dyr. I tillegg er plastforureining i miljøet i verste fall kreftframkallande.

Traktoregget rullar inn

Allereie i 1970 tok ein amerikansk professor patent på den første rundballemaskina. Oppfinnelsen viste seg å vere unik og spreidde seg raskt, også til Europa. Frå 1980-talet gjekk dei norske bøndene meir og meir over frå silo til rundballar. Sidan har vi sett fleire og fleire kvitprikka markar av «traktoregg» eller «gardsmallows» som det også verte kalla her i landet.

Å pakke foret i plast for å konservere, gjer at svinnet av dyrefor minskar. Det er mindre vêravhengig for bonden å gjere unna slåtten, ballane kan lagrast ute på markane og køyrast til gards når det høver. Vi kan slå fast at fordelane med rundballar i staden for silo er mange. Men så var det all denne plasten då, eller folien, som den vert kalla.

Plastbitar i naturen

Fokus på riktig handtering av plastemballasje har betra seg dei siste åra, men vi har endå ein vegstubb att å gå, før vi er i mål.

- Noko av det verste er når einslege rundballar som er skada vert ståande att åleine, år etter år. Ver og vind slit dei sunde og plasten flagrar rundt i naturen. Skjemmande, men også farleg for dyrelivet. Dette seier Naturvernforbundet, som aktivt kjempar kampen mot forureining av plast.

Milliardar av plastbitar går ut i jordsmonn og hav, vert ete av dyr og mikroorganismar og hamnar i næringskjeda. Dette må ta slutt!
- Vi har berre ei klode, bruk hodet, seier Blekkulf, miljøaktivisten.

Resirkulering – viktig tiltak

Med tanke på plast, er det svært viktig å få samla inn og resirkulert denne, slik at ikkje nokon av bøndene vert freista til å brenne eller grave den ned. Det er no 230 leveringsstadar for landbruksplast rundt om i landet, som er organisert lokalt av bønder i samarbeid med renovasjonsselskapa.

Ved Retura Søre Sunnmøre AS som er totalleverandør av avfall for næringslivet i området, kan dei fortelje at dei tidlegare køyrde rundt og henta plast på gardane.

- Dette måtte vi slutte med fordi hentepunkta stadig vart færre medan plastmengda auka, kan tilsett ved Retura, Jon Arne Steinsvik fortelje.
- No er det slik at bøndene sjølve kan kome å levere plastavfall heilt gratis her hjå oss i Torvmyrane, held han fram, og viser til at fleire bønder har eigne pressemaskiner til plast på garden.
-Dei som ikkje har presse, leverer plast på store hengarar, som vert tømde i containerar her hjå oss, seier Steinsvik vidare.

Plastoppsamling

Det er godt å ha litt ekstra tyngde i kroppen, når plasten skal pressast! Her gjer ein bonde klart for levering av plast til næraste miljøstasjon. Store vedasekkar er fine å bruke til oppsamling og levering av rundballefolien

Miljøgebyr på landbruksplast

I 2017 leverte Retura Søre Sunnmøre 142 tonn landbruksplast til gjenvinning. Til liks med andre miljøstasjonar, samarbeider Retura Søre Sunnmøre AS med Grønt punkt Norge AS, som er innsamlingssystem bygd på frivilligheit.

Det er viktig at den norske bonden også tek sitt ansvar. Ved å sjekke at sin leverandør/entreprenør av rundballefolie er medlem av «Grønt Punkt», og merka med bevis for dette, kan han føle seg trygg. Ordninga for innsamling og gjenvinning av plastemballasje vart etablert for 20 år sidan og vert finansiert av bøndene sjølve gjennom miljøgebyr på landbruksplast.

Godkjent KSL

Ein bonde som ynskjer å være godkjent av KSL, må kunne dokumentere kvar han gjer av avfallet sitt (plast, trevirke, farleg avfall, batteri, etc.). For å kunne gi god kvalitet tilbake til dei som skal lage nye produkt, bør bonden levere sin landbruksfolie kjeldesortert og så rein som mogleg til innsamlar. Alternativt kan bonden spørje innsamlar om moglegheit for henting på garden. Henting er ei avtale mellom bonden og innsamlar. Dess meir og betre vare, dess meir attraktivt vil det vere for ein innsamlar å hente varene hos bonden. Derfor kan eit samarbeid med nabo-bønder gi eit godt resultat.

Det skal vere gratis å levere kjeldesortert landbruksfolie til innsamlarar i Grønt Punkt-systemet.

Tips til sortering:

  1. Sorter med ein gong avfallet vert til, ikkje kast alt i ein haug, for så å (kanskje) ta det att seinare!
  2. Ta med alt av plastavfall tilbake til din eigen sorteringsplass, Her kan du ha til dømes:
  3. Sjekk moglegheiter for samarbeid med andre bønder i nærleiken, og få til felles sorteringspunkt
  4. Ta kontakt med innsamlaren din, for å få han til å sjå på moglegheita på din gard eller eit samarbeid om sorteringspunkt. Ta evt. også kontakt med fleire innsamlarar for å få eit best mogleg tilbod, både med tanke på løysning og økonomi.
Lasting av rundballefolie

Lasting av rundballefolie i sekkar på svær hengar! Bonden fyller hengaren og køyrer til miljøstasjonen. Her registrerer han leveransen i Agrilogg, og får kvittering for mottatt avfall. Enkelt og greitt!

Registrer leveringa i Agrilogg

Som eit ledd i utviklinga av bondens verktøy Agrilogg, vil det snart vere mogleg å registrere levering av landbruksavfall i modulen for HMS. Ved godkjent registrering, vil du motta kvittering både i Agrilogg og på sms frå avfallsmottakar, som vil vere den tilsette ved den aktuelle miljøstasjonen.

Agrilogg vil hjelpe den norske bonden endå eit steg i riktig retning av miljøbevisstheit og eigenkontroll.

Ikkje minst når KSL revisjonen kjem, vil loggføringa vere med på å gjer det mykje enklare. Du slepp leite etter kvitteringar og papir, alt ligg lagra i Agrilogg! Gjer det til rutine å legg inn etter kvart, så sparar du deg for mykje arbeid!

Avfallslevering i Agrilogg

Avfallslevering med elektronisk kvittering kjem snart i Agrilogg

Visste du at kvit og farga rundballefolie må haldast åtskild under resirkulering? Den kvite er kanskje kjedeleg, men det kjem større avkastning frå den, medan den farga folien viser si støtte til ulike organisasjonar, i tillegg til å sette farge på naturen. Denne vert brukt til andre føremål enn den kvite, og dei to må difor haldast separerte.

Landbruksplast i vegkanten

Den skumle rundballefolien finn ein dessverre mange stadar, både langs vegane, i havet og naturen elles. Med riktig handtering og resirkulering kan vi kjempe mot utfordringane plasten har.

Landbruksplast i naturen

Når eit elles perfekt naturbilete vert forstyrra av plastrestar frå rundballar, gjer det noko med oss


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram