Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Sau som hobby

Besetningar på 20-30 vinterfôra sau er rekna som små i dagens landbruk. Dei fleste reknar det meir eller mindre som hobbybruk. Og det kan vere ein fin hobby. Ein bruker dyra til å ta vare på kulturlandskapet, tek vare på tradisjonar og held familiegarden i drift. Det er og mykje kjærleik i ein slik liten flokk med sau.

Sauen Pernille kosar seg i Kårdalen

Sauen Pernille kosar seg i Kårdalen (Volda kommune)

Sellereite i Hjørundfjorden

På Sellereite i Hjørundfjorden finst det eit slikt «hobbybruk». Her bur det 30 søyer, 2 vêrar, 5 høner, 1 hane, 7 kyllingar, 3 menneske og ein katt. Tidlegare var her mjølkekyr, men den drifta vart avslutta for omlag 10 år sidan. Alle menneska på garden har jobbar utanom, men samarbeidar for å få drifta til å gå rundt. Nokre år etter at kyrne flytta ut, flytta sauene opp i kufjøsen, med heimesnekra innredning som passa opp på den gamle båsfjøsen. Delar av den gamle sauefjøsen vart ombygd til eit lite hønsehus.

Det er jamt over dårleg økonomi i sauehald og ofte går det akkurat rundt, særleg i små besetningar. Ein må ha anna arbeid utanom, og dyra vert ein hobby. Noko arbeid er det same om ein har 30 eller 300 dyr. Det daglege behovet for stell er der uansett, dei må ha mat. Likevel er der nokre ting som er vanleg i store besetningar der innteninga og effektivisering er viktigare, som ein kan sleppe unna med når ein har færre dyr. For å spare seg for arbeid slepp ein kanskje berre vêrane i same binge som søyene og let dei gå der nokre veke, og stoler på at jobben vert gjort naturleg.

Ein søker å halde kostnadane nede så langt som råd. Ein prioriterer kanskje ikkje forsterteljing eller kopplamoppdrett med behov for større mengder innkjøpt mjølkeerstatning. Held ein igjen på kraftfôret under paringa vil ein få lågare lammetal, og forhåpentlegvis unngår ein og måtte ta i frå kopplam. I tillegg vert ein i større grad kjend me heile flokken sin, kanskje har samtlege av dei namn.

Kos med sau

Kos med sau

Det nærmar seg lamming på Sellereite, som i dei fleste sauefjøs i landet. Har alt gått etter planen i haust er alle søyene drektige. Dei er nyklipte og skal vaksinerast mot pulpanyre. Øyremerker, glidemiddel og jodspray er innkjøpt, då er ein så førebudd som ein kan vere til eventyret denne våren. Sjølv med ein liten flokk må ein gå fleire turar dag og natt for å følje med om det skjer noko. Dei aller fleste søyene klarer seg sjølv, men nokre treng hjelp. Når alle lamma er komne ventar vårbeite og vidare somarbeite i Sunnmørsalpane, før dei vert henta heim igjen til hausten igjen. Når hausten kjem vert dyra fôra ute så lenge som råd før vinteren kjem.

Tilleggsnæring sjølv om det er ein hobby

Hjørundfjordull

Spel frå Hjørundfjordull

På små vestlandsgardar har det i alle tider vore vanleg med mangesyssleri. Slik er det også på Sellereite. Både kjøt, skinn og ull vert vidareforedla. Slakt vert teke heim igjen og seld til familie og vener. Det same vert skinn. Også ulla vert sendt til spinning og teke heim igjen til garden. Det er Selbu spinneri som spinn ulla, og tråden har fått namnet Spel frå Hjørundfjordull.

I samarbeid med den lokale bedrifta Hjørundfjordstikk vert oppskrifter utvikla og garnet seld. Det kan kjøpast både enkeltvis og i garnpakke med oppskrift på Bjørkegenseren. Det grafiske designet på magebanda på garnnøsta er gjort av designer Ingvild Mork, som også held til i Hjørundfjorden. For bøndene på Sellereite er det viktig og ta vare på tradisjonar og bruke dei ressursane ein har. Det er derfor dette prosjektet vart starta opp. At dei i tillegg kan samarbeide med andre lokale ser dei på berre som ein fordel.

Lenke til Hjørundfjordstrikk

Publisert april 2024


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram