Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Skogsdrift, beiting og jakt - ein balansegang

Både dyr på beite, skogbruk og jakt har lange tradisjonar her til lands. At ein slepp husdyr på fribeiting har vore gjort i over 5000 år. Kommersielt skogbruk har noko kortare fartstid, men allereie på 1300-talet vart tømmer eksportert ut av landet.

Sauer på beite, tett opp mot skogen

Sauer på beite, tett opp mot skogen

Beitedyr, både hjortevilt og tamfe, har stor innverknad på området dei beitar på. Det kan vere både positivt og negativt. Dyra et og trakkar mykje i det området dei er i. Storleik på flokken og tida dei går i same område avgjer om det er høgt eller lågt beitetrykk. Ved for høgt beitetrykk kan skogen ta skade av det, men med lågare eller middels beitetrykk er beitedyr i stor grad positivt. I produksjonsskog vil beitedyra beite plantar som kan konkurrere med til dømes grana. Får grana mindre konkurranse vil den vekse betre. Samtidig legg beitedyra igjen gjødsel, som gir næring til produsjonsskogen.

For høgt beitetrykk kan vere svært øydeleggande for artar som ikkje toler det. Dette gjeld spesielt plantar som er i beitesjiktet, altså planter som er i den høgda der dyra beiter. Det kan til dømes vere gras og urteplantar, men også små busker eller nyplanta grantre. Dei unge grantrea er sårbare, for sjølv om dei i liten grad vert beita av dyra så er dei utsett for f.eks nedtramping eller at greiner og toppar vert knekt. Slike skader er det i størst grad storfe som gjer, då dei er store og tunge dyr. I furuskog kan elgen skape problem, då elgen beitar på ungfuru. Hjorten kan gnage bork av grana, noko som skadar treet. Dette kan vere eit problem særleg på Vestlandet når det er kalde vintrar. Alle desse skadane kan gi store tap for skogbruksnæringa.

Beitedyr påverkar hjorteviltet

Auka antal beitedyr påverkar hjortevilte. Både hjortevilt og tamfe er drøvtyggarar og lev av planter. Studier viser at det i utgangspunktet er lite overlapp i plantene dei et, men likevel vert ernæringsbalansen til hjorteviltet påverka når det går tamfe på beite. Hjorteviltet held seg nemleg unna beitedyra. På denne måten får hjorteviltet mindre område og kan ikkje velje dei beste beita. Forvalting av hjortevilt vert avgjort på kommunalt plan, så det meste er fastsatt av forvaltningsapparatet. Men med gode beiter kan grunneigar legge til rette for at det hjorteviltet som er, vel å beite i deira skog.

Når ein skal forvalte eit skogsområde må ein både ta omsyn til skogen, beitedyr og hjortevilt. Ofte er det same personen som nyttar skogen både som beite, til hogst og som jaktområde. Grunneigar, bonde og jeger er då same personen. Då er det lettare å prioritere det ein sjølv syntes er viktigast. Andre stader er det ikkje grunneigar sjølv som utøver jakta, men det kjem andre utanfrå. Ein risikerer då usemje om kva som er viktigast; jegeren er der for hjorteviltet og ikkje beitedyra.

Alt i alt er det viktigaste at ein forheld seg til lovverket, men at ein kan bruke det handlingsrommet ein har som grunneigar. Skogen er ein rik ressurs som det er mange som har glede av. Med god forvalting er det mykje å hente og ein kan minimere tap. Dette krev kunnskap og ettertanke, men med godt samarbeid med dei ulike partane er ein på god veg.

Kjelder:
- Store Norske Leksikon
- Animalia
- AgriAnalyse
- Lovdata
- Hjortevilt.no
- Nibio


Publisert juni 2024


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram