Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs
Tilleggsnæring for mange bønder:

Snøbrøyting, strøing, salting og skraping

Vinteren er snørik i store delar av landet vårt, noko som kan vere både til glede og frustrasjon. Godt brøytte vegar set alle pris på, dei som held vegane opne har ein viktig jobb å gjere.

Like sikkert som at brøytemannskap har ein usikker sesong framføre seg, møter dei ofte folk som gløymer å verdsette arbeidet dei gjer. Berre dei gongane dei ikkje har rukke å halde alle vegane på lista si opne, får dei høyre det. Telefonar frå illsinte bilførarar, som ikkje eig forståing av tid, avstand, ekstremsnøfall eller upårekna situasjonar. Natta er lang og einsam, morgonane kjem grytidleg. Det skal vere brøytt og godt framkomeleg til andre folk skal bevege seg ute. Og det skal slett ikkje vere glatt! Strøing eller salting må også til. Beredskapsvakt. Køyring i dårleg sikt. Sukk. Det er ikkje lett. Men kven har sagt at livet er meint å vere eit barneskirenn?

Tunga beint i munnen!

I tillegg til å halde vegane opne, skal arbeidet loggførast. Tidlegare var den umisselege notisboka eit naudsynt følgje i traktoren eller lastebilen. For nokre er det slik endå. Der vert opplysningar notert ned. For korleis var denne dagen, eigentleg? Har du strødd, salta og brøytt både til Hansen som nummer ein og Nilsen som nummer to, på rodelista di? Eller har du berre brøytt? Ein gløymer lett!

HMS - spyd på traktor
Snøbrøyting: Ei god tilleggsnæring for mange bønder

Registrering rett på mobilen

- For meg opna det seg ei ny verd, då eg kunne loggføre alt av opplysningar på mobilen min, kan brøytebonden frå Snåsa seie, som skaffa seg Agrilogg for to år sidan.
- Utan dette hjelpemiddelet er eg heilt fortapt, held han fram, og viser til enkle tastetrykk der roder eller enkeltregistreringar lett kan leggjast inn - ja, frå traktoren!

- Om eg strør, saltar eller brøyter så kjem det fram rubrikkar for dei ulike jobbane, der time, tur eller kilometerprisen er lagt inn på førehand. Også beredskapspris, vêrforhold og tidtaking/klokkeslett kan loggførast. Kundane ligg inne frå før, under «Profil og Innstillingar» klargjer eg verktøyet på førehand. Dette er naudsynt for ikkje å slette eller endre noko i vanvare, forklarar han.

- Til sist kan eg ta ut fakturagrunnlag, som vert sendt rekneskapsfirmaet. Så enkelt kan det vere. Har du smarttelefon, nettbrett eller ein PC, fungerer det på same måten i Agrilogg.

- Eg driv også å leiger meg ut til andre, der eg utfører ulike jobbar med traktor og hjullastar. Arbeidet eg gjer, loggfører eg i modulen for leigearbeid i Agrilogg. Timeprisar for dei ulike arbeidsoppgåvene vert lagt inn på førehand, fakturagrunnlag teke ut i etterkant, held bonden fram, og syner stor entusiasme for verktøyet som har gjort kvardagen enklare.

Kontroll frå Landbrukskontoret

Erik Gjelsten, som er bonde i Alvdal, kan fortelje om lik oppleving av Agrilogg. Han driv med ammekyr og mjølkeproduksjon på garden sin. I likheit med andre bønder tek han på seg snøbrøyting i vintersesongen.

- Dette syns eg fungerer greitt, seier han, og viser til registrering av snøbrøyting, leige-arbeid og slått¬arbeid, som er modular han brukar mykje.

- For ei tid tilbake fekk eg kontroll frå Landbrukskontoret, dei likte det dei såg svært godt, då eg henta fram dokument, rapportar og liknande i Agrilogg-verktøyet. No ventar eg berre på KSL-revisjonen, det skal nok gå bra det også, slår Erik fast, og prisar seg lukkeleg over å ha eit slikt hjelpemiddel lett tilgjengeleg på garden.


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram