August 2020 - Statistikk og analyse i Agrilogg
Tider var - og tider kjem
Etter snart fem år og millionar av registreringar begynner vi å få eit veldig godt
statistisk grunnlag til å kunne seie noko om trendar på eigen gard,
samanlikning av eigen produksjon med andre produsentar i same fylke
og ikkje minst sjå samanhengen mellom input (til dømes gjødsling) og output (innhausting).
Med andre ord: Eit verktøy til å auke innsikta og dermed kunne betre arbeidet og resultatet.
Gratis for Agrilogg-brukarar
Statistikk og analyse-modulen er gratis for alle ihuga agriloggarar (vil vere ein del av abonnementet).
Kva betyr dette for deg som Agriloggar?
Du vil til dømes kunne:
- Samanlikne mengde innhausting, bruk av gjødsel, mm på eigen gard med snittet i fylket du bur i
- Sjå samanhengane mellom gjødslingsmengde og mengde innhausting
- Samanlikne/sjå mengde innhausting frå år til år på eigen gard (2017-2020)
- Sjå mest brukte middel mot ugras/skadegjerar
- (og meir vil kome etterkvart)
Om datagrunnlaget:
- Datagrunnlaget består av millionar av gyldige/validerte enkeltregistreringar, fordelt på fylke og/eller nasjonalt
- Alle data i datagrunnlaget (fylke/nasjon) er 100% anonymiserte
- Agrilogg brukar algoritmer som filterer vekk usannsynlege data (t.d. feilregistreringar o.l.)
- Info om når siste oppdatering av datagrunnlaget er gjort er alltid tilgjengeleg (blir vanlegvis oppdatert ein gong kvar veke)
- Tal, oppsummeringar, grafar o.l frå eigen gard er dine data og kan sjølvsagt brukast der du sjølv vil. Talverdiar, grafar, o.l. på fylkes- og landsnivå er Agrilogg AS sin eigedom og kan ikkje brukast utanfor Agrilogg-systemet utan skriftleg samtykke frå Agrilogg AS