August 2021
Statistikk og analyse i Agrilogg
Etter fem år og fleire millionar av registreringar har vi fått eit veldig godt
statistisk grunnlag til å kunne seie noko om trendar på eigen gard,
samanlikning av eigen produksjon med andre produsentar i same fylke -
og ikkje minst sjå samanhengen mellom input (til dømes gjødsling) og output (innhausting).
Med andre ord: Eit verktøy til å auke innsikta og dermed kunne betre arbeidet og resultatet.
Gratis for Agrilogg-brukarar
Statistikk og analyse-modulen er gratis for alle ihuga agriloggarar (ein av mange modular i abonnementet).
Kva betyr dette for deg som Agriloggar?
Du vil til dømes kunne:
- Samanlikne mengde innhausting, bruk av gjødsel, m.m. på eigen gard med snittet i fylket du bur i
- Sjå samanhengane mellom gjødslingsmengde og mengde innhausting
- Samanlikne/sjå mengde innhausting frå år til år på eigen gard (frå 2017)
- Sjå mest brukte middel mot ugras/skadegjerar
- (og meir vil kome etterkvart)
Om datagrunnlaget:
- Datagrunnlaget består av fleire millionar av validerte enkeltregistreringar, fordelt på fylke og/eller nasjonalt
- Alle data i datagrunnlaget (fylke/nasjon) er 100% anonymiserte
- Agrilogg brukar algoritmar som filtrerer vekk usannsynlege data (t.d. feilregistreringar o.l.)
- Info om når siste oppdatering av datagrunnlaget er gjort er alltid tilgjengeleg (oppdatert minst ein gong i veka)
- Tal, oppsummeringar, grafar o.l frå eigen gard er dine data og kan sjølvsagt brukast der du sjølv vil. Talverdiar, grafar, o.l. på fylkes- og landsnivå er Agrilogg AS sin eigedom og kan ikkje brukast utanfor Agrilogg-systemet utan skriftleg samtykke frå Agrilogg AS