Bli med bøndene og vis at du støttar norsk matproduksjon! Torsdag 18. april skal Stortinget behandle stortingsmeldinga om strategi for auka sjølvforsyning, opptrappingsplan og nytt talgrunnlag. Det blir inga auka sjølvforsyning utan auka inntekt!
Bli med på stordemonstrasjon på Eidsvolds plass rett i forkant av behandlinga torsdag 18. april. Det vil vere program med appellar mellom kl 9 og 11. Norges Bondelag vil også delta på arrangementet til Norsk Bonde- og Småbrukarlag frå onsdag 17. april kl 19:00.
Bli med på stordemonstrasjon! Foto: Nora May Engeseth
Les om planane til Småbrukarlaget her
Les meir frå Norges Bondelag her
Vi oppfordrar alle til å delta i denne aksjonen. Sjekk med lokallaget ditt om det fins muligheiter for transport inn til Oslo onsdag og/eller torsdag.
Hjelp den norske bonden ved å dele dette innlegget! Vi ønsker at alle som står på bonden si side stiller på Eidsvolls plass!
Publisert april 2024