Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs

Varmesum!

Kort fortalt er varmesum summen av temperatur over ein gitt basistemperatur i løpet av ein bestemt periode.

Dette blir målt i graddøgn (varmesum med basistemperatur minimum 5°C). Ved beregning av varmesum for heile vekstsesongen er det vanleg å summere antal graddagar for alle dagar i månadene frå og med mai til og med september. Alternativt kan det summerast frå beregna vekststart.

Korleis kan varmesum brukast i landbruket?

Varmesum kan bl.a brukast til å beregne beste, eller mest ideelle, tidspunkt for innhausting - og ikkje minst kan det brukast til varsling av risiko for ei rekke skadegjerarar i frukt og bær - og på jord- og hagebruksvekstar.

Indirekte kan dette føre til bruk av mindre sprøytemiddel, sunnare mat, større avlingar, betre økonomi for bonden - som igjen kan vere bra for miljøet.

Agrilogg samlar inn meteorologiske data frå heile landet kvar time, døgnet rundt, heile året

Frå og med 12. september 2022 samlar Agrilogg inn data på tre ulike nivå:

  1. Frå LMT-stasjonar (Landbruks-Meteorologisk Tjeneste)
  2. Regionalt (postnummer-område)
  3. Lokalt på garden din (frå feb 2023)

1. LMT-stasjonar (Landbruks-Meteor­ologisk Tjeneste)

LMT er ei teneste frå NIBIO. Allereie no hentar Agrilogg data ein gong i døgnet, året rundt, frå alle dei over 80 LMT-stasjonane i Norge. Så dersom garden din ligg nær ein slik stasjon, vil du kunne bruke temperaturdata frå den næraste LMT-stasjonen.

Vi veit likevel at dei fleste gardane i Norge ligg langt unna desse LMT-stasjonane.

2. Regionalt (postnummer-område)

Allereie no hentar Agrilogg data ein gong i timen, døgnet rundt, frå alle regionar i landet der det finst ein eller fleire Agrilogg-brukarar.

Graddøgn blir beregna som eit snitt av GPS-posisjon og altitude (høgdemeter over havet) for heile det geografiske området for alle gardane innanfor eit bestemt postnr. Dette er forecast basert på gjennomsnittleg GPS-posisjon og altitude/m.o.h.

3. Lokalt på garden din

Dersom garden din ikkje ligg nær ein LMT målestasjon, vil du få den mest nøyaktige varmesummen når du legg inn GPS-posisjon og altitude (m.o.h) for garden din i Agrilogg (tilgjengeleg frå feb 2023).

Dataene blir då henta frå ulike pålitelege meteorologiske kjelder og er basert på GPS-posisjon og altitude (m.o.h.).

Sidan dette er forecast, vil varmesummen vere omtrentleg - men samtidig det beste du kan få dersom du ikkje har din eigen målestasjon på garden din.

Varmesum

Publisert november 2022


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram