Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs
November 2019

Fleirspråkleg Agrilogg

info_nov_velg_sprak_fb.jpg

No må ein velje språk ved første innlogging. Språk kan også velgast frå hovudmenyen

I det siste har vi jobba intenst med å få Agrilogg fleirspråkleg. Vi ynskjer at våre brukarar skal kunne bruke Agrilogg på nynorsk, bokmål og engelsk.

No har vi kome i mål, og etter grundig testing føler vi oss trygge på at de som brukarar skal få gode opplevingar med Agrilogg, enten de brukar nynorsk, bokmål eller engelsk.

Abonnement med fleire brukarar

Har du folk som jobbar for/saman med deg? Då bør du tenkje på å ha eit fleirbrukarabonnement.

Fordelar med eit fleirbrukarabonnement er at registreringar som dei andre i firmaet gjer blir lagra i deira sitt namn. Du som administrator har full oversikt over kven som har registrert ulike jobbar.

Eksempel: Ola lagar 100 rundballar som skal leggast i produksjonslageret. Når han legg dei inn i eit rundballelager vil det i loggen på det valgte rundballelageret kome fram at det var Ola som la dei inn. Seinare er Ola ute på eit beitetilsyn og tilsynet vert registrert i Beitemodulen. Då kan dei andre brukarane i abonnementet sjå kva han har gjort og når han har gjort det.

Altså: Har du fleire brukarar i abonnementet, vil du kunne sjå kven som har registrert kva, og når dei har registrert det.

Fakturagrunnlag

Ein annan fordel med fleirbrukarabonnement er at arbeid som skal utførast kan registrerast i Oppgåve-modulen, og her kan ein legge inn kven som skal utføre arbeidet og når det skal vere utført. Den som skal utføre arbeidet får opp eit varsel i sin Agrilogg om at han/ho har ei oppgåve som skal utførast. Når vedkomande har utført arbeidet kvitterer han/ho ut og oppgåva legg seg inn i historikken. Smart - og full oversikt.

I HMS-modulen kan ein i vernerunder legge inn kven som har ansvar for å lukke eit eventuelt avvik, og vedkomande vil då få ei påminning om at dette skal utførast. Når det er utført, kvitterer vedkomande ut avviket.

I eit fleirbrukarabonnement kan du i Fakturagrunnlaget no også i filteret velje både kunde og brukar. Du får dermed fram nettopp dei dataane du ynskjer. Ynskjer du for eksempel å sjå kva Ola har registrert av snøbrøyting for kunde X, så legg du det inn i filteret.

Her har vi belyst nokre av fordelane med eit fleirbrukarabonnement. Det viktigaste er altså at du har oversikt over kven som registrerer kva - og at du enkelt kan gje/få beskjed gjennom Agrilogg.

Tilgangskontroll (fleirbrukar-abonnement)

Snart vil du som administrator/eigar av abonnementet kunne velje kven som skal ha tilgang til kva. Tilgangskontrollen vil vere på modulnivå.

FB Samdrift AS i Månadens bondeprofil

I bondeprofilen for november tok vi ein prat med FB Samdrift AS. Dei er fem karar som held til på Sæbø i Ørsta kommune (Møre og Romsdal) - like under dei ragande, spektakulære Sunnmørsalpane. Dei driv med produksjon av mjølk og storfekjøt.

Les bondeprofilen for november 2019 her.


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram