Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs
Desember 2020 - Infoskriv

Førstehjelpskurs (gratis for deg som Agriloggar)

For kort tid sidan lanserte vi vårt første kurs gjennom vår eigen Agrikurs-portal. Det var eit kort innføringskurs i eigenkontroll av EL-anlegg og -utstyr for landbruksbygg.

I dag kjem vi med eit mykje meir omfattande kurs - eit informasjonskurs i førstehjelp! Det er snakk om eit fullstendig nettkurs med tekst, bilde og videosnuttar. Du får også kursbevis når du har bestått den avsluttande kursprøva (20 spørsmål).

Det kan vere lurt å heve kompetansen din i førstehjelp, plutseleg ein dag så treng du det.

Førstehjelpskurset er laga av Agrilogg og førstehjelpsekspertane Tor Inge i Life Care og Geir i Simonsen Fogd. Kurset er gratis for Agrilogg-brukarar og tek ca. 40-50 minutt å gjennomføre. Kurset er tilgjengeleg frå i dag av - logg inn i Agrilogg og sjå etter Agrikurs-knappen heilt øvst i hovudmenyen.

Julekalender

Har du sett julekalenderen vår? Ny trekning - og vinnar - kvar dag. Denne har gått frå 1. desember, og kjem til å gå til og med 24. desember. Svar på eit enkelt landbruksrelatert spørsmål og bli med i trekninga av eit gåvekort på kr 500. Julekalendaren ligg på framsida av Agrilogg.

Gåvekortet blir sendt til deg i posten og er på kr 500. Gåvekorta er av typen Presentkort og kan brukast i meir enn 5500 butikkar over heile landet - og er gyldig i 5 år!

Kristoffer i Bondeprofilen

Les om Kristoffer Emil Ueland og historia hans i novemberutgåva av bondeprofilen - med mange fine bilde!

©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram