Logg inn Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Video Kontakt oss Nettkurs RådgjevarPortalen
Start Funksjonalitet Prøv gratis Artiklar Videoar Kontakt oss Nettkurs
Oktober 2020 - Infoskriv

Viktige fristar å merke seg!

15. oktober: Søknadsfrist Produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket - del 2

29. oktober: Frist for å endre opplysningane i del 2. Produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket

Gå til Landbruksdirektoratet sine sider

Her kjem litt informasjon om endringar og nytt i Agrilogg. Vi set pris på tilbakemelding frå kundane våra, og ein del av det de meddeler oss får vi på plass i Agrilogg for å gjere systemet endå betre.

Oppdateringar og ny funksjonalitet:

Dyreliste

Dyreregister: Få ut liste over dyra dine

Dyra du har registrert i dei forskjellige registera dine kan du no hente ut som ei liste i pdf-format. Det er mange KSL-revisorar som spør etter dette.

Beiteslepp

Ein «velg alle»-knapp har dukka opp ved registrering av nytt beiteslepp med enkeltindivid. Greitt å ha dersom ein har sendt mange dyr på beitet!

No kan du korrigere manuelt dersom antal dyr på beite i Agrilogg ikkje stemmer med det som faktisk er på beite. Feil kan oppstå dersom slette-knappen vert brukt på feil måte i beitemodulen, men dette kan du no som brukar korrigere sjølv.

Sprøyting

Når du skal velje sprøytemiddel vil du no sjå at dine 10 sist brukte unike sprøytemiddel ligg øvst i rullgardina. Det sist brukte sprøytemiddelet ligg alltid øverst.

I tillegg kan du no enkelt legge inn dine sist brukte data i seksjonen for sprøytevernjournal. Dette er særleg nyttig når du sprøyter fleire teigar med same sprøytemiddel.

Tresking

No kan du registrere mengde korn også som antal korntankar - for dei som bruker det. Du kan registrere mengde kun som kg, kun som korntankar eller både som kg og som korntankar.

HMS: Eigenkontroll av el-anlegg

Under HMS har vi fått inn skjema for eigenkontroll av elektriske anlegg og utstyr i landbruksbygg. Les meir i det dedikerte infoskrivet.

Agrikurs

Agrikurs i kjømda

Vi satsar no på digitale, landbruksrelaterte kurs i Agrilogg - eller rettare sagt, i Agrikurs-systemet. Vi satsar på både interne og eksterne innhaldsleverandørar til kursa. Nokre kurs vil vere gratis (inkluderte i Agrilogg-abonnementet).

Du vil få eit digitalt kursbevis ved gjennomførte og beståtte kurs.

Agrilogg for VGS

Agrilogg for vidaregåande skular innan jordbruk har fått ei stor oppdatering, og er no à jour med hovudsystemet. Det er viktig at ungdomen vert kjend med Agrilogg!

Statistikk og analyse

Statistikk og analyse er ein ny modul som framleis er i prøveversjon, ut oktober. Her kan du sjå statistikk over

Du kan lese meir om den nye modulen for statistikk og analyse her.

Bondeprofilen

Les om Lars Gunnar Bratberg og historia hans i septemberutgåva av bondeprofilen - no med ekstra mange bilder!

©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

AgriLogg på Facebook    AgriLogg på Instagram